Årsmøte 2023 – 11. mai 2024
Reksta Ungdomslag
Velkommen til årsmøte i Reksta Ungdomslag.
STAD: Rekstakjellaren / Reksta skule
TID: Laurdag 11. mai kl. 16.00
Etter årsmøtet blir det litt grillkos på skuleplassen.
SAKLISTE:
1/24 Opning ved leiar
2/24 Val av ordstyrar
3/24 Val av referent
4/24 Val av to til å skrive under protokoll
5/24 Godkjenning av innkalling og sakliste
6/24 Årsmelding 2023
7/24 Rekneskap 2023
8/24 Budsjett 2024
9/24 Aktivitetsplan 2024
10/24 Innkomne saker
11/24 Val av styre – valnemnda legg fram si innstilling
(årsmøtet vel leiar, elles konstituerar styret seg sjølv):
Dagens styre:
Leiar Johnny Stigedal: ikkje på val
Nestleiar Olav Steimler: på val
Styremedlem (kasserar) Inger Reksten Stigedal: ikkje på val
Styremedlem (skrivar) Anita Øygard: på val
Styremedlem Ingrid Reksten: på val
Varamedlem Ida Nygård Reksten: på val
Varamedlem Åshild Reksten: på val
Dagens revisorar:
Eli Reksten, på val // Ingebjørg Reksten, ikkje på val
12/24 Val av valnemnd – styret legg fram si innstilling
Dagens valnenmd:
Lars Erik Reksten, på val // Ingebjørg Reksten, ikkje på val
Saker til årsmøtet må vere styret i hende innan fredag 3. mai