PROTOKOLL årsmøte 11.5.2024

Årsmøte i Reksta Ungdomslag 11. mai 2024 på Reksta skule. 12 personar møtte fram. Etter årsmøtet var det grilling og sosialt samvær på skuleplassen.

1/24    Opning ved leiar
Johnny Stigedal ønskte velkommen.

2/24    Val av ordstyrar

Johnny Stigedal vart vald.

3/24    Val av referent
Anita Øygard vart vald.

4/24    Val av to til å skrive under protokoll
Åshild Reksten og Nils Gunnar Bjerk vart valde.

5/24    Godkjenning av innkalling og sakliste
Sakliste og innkalling vart godkjent.

6/24    Årsmelding 2023
Framlegg til årsmelding vart gjennomgått av leiar.
Årsmøte godkjente årsmeldinga.

7/24    Rekneskap 2023
Rekneskapen vart gjennomgått av kasserar.
Årsmøtet godkjente rekneskapen.

8/24    Budsjett 2024
Framlegg til budsjett vart gjennomgått av leiar.
Budsjettet vart godkjent med nokre endringar;
– Stryk punktet om kjøp av skrivar
– Punktet om innreiing av loft er avhengig av at ein får løyve frå kommunen og at det ikkje krev store/kostbare tilretteleggingar med t.d. brannvarsling og utforming.

Nye punkt på budsjettet:
– Lys og rekkverk ved kjellartrapp
– Verve fleire medlemmar i samband med tilstellingar i skulen (basar / medlemsfest).
– Andre utgifter kr 5000

9/24    Aktivitetsplan 2024
Framlegg til aktivitetsplan vart gjennomgått og godkjent:
Strandrydding // basar // medlemsfest

10/24  Innkomne saker
·       Søknad frå Reksta villsau og Reksta honning om «Gardsutsal» i kjellaren
Styret innstilte på å godkjenne søknaden. Årsmøtet støtta dette.

·       Strategi for miljø og berekraft. Olav Steimler hadde utforma forslag til strategi, som kan vere avgjerande i samband med ulike støtteordningar. Strategien vart vedtatt av årsmøtet.

·       Utleige av skulehuset til kommersiell / ikkje kommersiell bruk, medlemmar / ikkje medlemmar.
Ved kommersiell utleige, som t.d. pub er husleiga kr 500.

11/24  Val av styre
Innstillinga frå valnemnda vart lagt fram av Ingebjørg, og vedteken slik den låg føre.

Nytt styre 2024:
Leiar Johnny Stigedal: ikkje på val
Nestleiar Olav Steimler: attval (for 2 år)
Styremedlem (kasserar) Inger Reksten Stigedal: ikkje på val
Styremedlem (skrivar) Anita Øygard: attval (for 2 år)
Styremedlem Thor W. Brekkeflat: ny (for 2 år)
Varamedlem Ida Nygård Reksten: attval (for 1 år)
Varamedlem Åshild Reksten: attval (for 1 år)

Revisorar:
Eli Reksten, attval (for 2 år) //  Ingebjørg Reksten, ikkje på val

12/24  Val av valnemnd: styret la fram innstilling på attval

Valnemnd:
Lars Erik Reksten, attval (for 2 år) //  Ingebjørg Reksten, ikkje på val

Reksta 11. mai 2024

Anita Øygard                          Åshild Reksten                       Nils Gunnar Bjerk